Janne Hjørnevik, Sigrid Bendiksen og Tina Merete Ware (f.v.). Foto: Lina-Maria Rolland, avisen Hordaland

Invitert til møte med statsministeren

Tina, Janne og Sigrid på Kiwi Palmafossen ønsker å gi statsministeren en uforglemmelig dag.

Sammen skulle de delta på markering av HELT MED-arbeidsplass nr 100, og holde innlegg for statsminister Erna Solberg i Bergen, men ettersom koronasituasjonen utviklet seg negativt, ble arrangementet utsatt. Vi har fått bekreftet at statsministeren ønsker å rydde plass i kalenderen for å delta på arrangementet når det blir avholdt på et litt senere tidspunkt.  Vi setter utrolig stor pris på arbeidsinkluderingsengasjementet til statsministeren og regjeringen, og ser frem til å dele de gode historiene på arrangementet.

 

Utdrag fra Avisa Hordaland, 7.11. 2020 (tekst og foto: Lin-Marie Rolland):

I september skreiv Hordaland om Tina Merete Ware som fekk fast jobb på Kiwi Palmafossen. Solskinnshistoria rørte fleire tusen, og no har organisasjonen som hjelpte henne ut i jobb, «HELT MED», invitert dei på møte. På lista av inviterte finn ein og statsministeren.

Møtet skal markera at det no er 100 personar som har vorte tilsett gjennom «HELT MED». – På markeringa ynskjer dei å bruka Tina Merete som front-figur, der ho skal fortelja om og formidla si historie, seier Janne Hjørnevik, butikksjef på Kiwi Palmafossen. Også Janne sjølv, og tidlegare fadder Sigrid Bendiksen, er inviterte.

Hordaland møter dei tre spente damene på bakrommet torsdag føremiddag. Dei veit ikkje enno når møtet skjer, men er alt i gang med å førebu seg.
– Me trudde jo at me berre vart inviterte på samme kaf-fiselskapet som Erna, men så viste det seg at me skal jo halda innlegg framføre alle – på seks minutt! seier Sigrid, litt nervøst.
Damene tek likevel utfor-dringa på strak arm, og har alt ein god plan på kva dei skal seia framføre statsministeren.
– Dette fikser me. Me er tre stykk som kan støtta kvarandre opp. Me vil fokusera på å vera oss sjølve og laga god stemning, påpeikar Janne.

Grunna koronarestriksjonane og nye tiltak, veit dei ikkje når møtet vil skje. 

Det er vanskeleg å tidfesta når det skjer, men me ynskjer å gjennomføra så snart det let seg gjera. Me håpar sjølvsagt at det skjer før jol, men dersom det ikkje går, ser me fram til å få gjennomført det ein gong på nyåret, seier regionsjef i Kiwi Vest, Jan Olav Mjøs.

Damene på Palmafossen har likevel eit klart mål om kva dei ynskjer å få ut av markeringa.
– Målet er å få folk til å le, og kanskje få tankane over på litt andre ting. Me trur det vert bra, seier Janne, medan ho ser lurt på Tina Merete og Sigrid.


Dei bryt ut i latter. Stemninga mellom dei tre har i alle fall ikkje endra seg sidan sist Hor-daland var på besøk, og den er som alltid på topp.


– Me ynskjer å gje Erna ein ugløymeleg dag, legg Sigird til.

 

 

2020 nov kiwi palma 2

 
Les hele artikkelen (bak betalingsmur)

Kontakt

Kontakt oss
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.
Ansatte »

Oslo
Postadresse og besøksadresse:
HELT MED, Seljeveien 6, 0575 Oslo

Bergen
Besøksadresse:
HELT MED, Strandgaten 1
(Strandhjørnet), 5013 Bergen

Fakturaadresse
Stiftelsen HELT MED c/o ASR
Accoounting as, Postboks 1027,
1803 Askim Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Organisasjonsnummer
924 358 092