Hjå McDonald´s Moa er det ledig stilling som restaurantmedarbeidar.
Her er eksempel på arbeidsoppgåver du kan få. Vi finner ut etter kvart kva arbeidsoppgåver som passer best for deg og kva oppgåver du skal jobbe mest med. Du vil få god oppfølging og opplæring:
- Hjelpe til med matlaging
- Vaske og halde orden på kjøkkenet
- Vaske serveringsbrett
- Brette papp
KVALIFIKASJONSKRAV
- Du må vere motivert for jobben
- Du må møte i tide
- Du må vere god til å lytte
- Du må vere flink til å halde orden
- Du må kunne jobbe litt sjølvstendig
- Du må ha god fysisk helse
- Du må vere serviceinnstilt
STILLINGSSTØRRELSE
Det er ledig 30-50% stilling. Stillingsstorleik blir tilpassa etter behov hos arbeidsgjevar og søkers ynskje. Oppstart snarast.
LØNN
Du beheld uføretrygda di. I tillegg får du løn av arbeidsgjevar tilsvarande 20 % av samenlignbar tarifflønn (dette vil vanlegvis utgjere litt over 30 kroner pr time).
Den som er aktuell for jobben får tilbod om ein praksisperiode på fire veker før ein endelig ansettelse. Du vil i praksisperioden motta eit honorar frå HELT MED.
Dato for ordinær ansettelse vil bli nærmare avtalt.
OM ARBEIDSGIVER
McDonald’s Moa har eksistert sidan 1995, og har i dag over 40 ansatte.
Food Folk Norge AS, som forvaltar merkevara McDonald’s i Norge, er ein av Norges største restaurantkjedar. Vi er ein av Norges største arbeidsplassar for unge. Great Place to Work har ved fleire anledningar kåra McDonald’s til ein av Norges beste arbeidsplassar.
I McDonald's blir det lagt vekt på at du:
- Er glad i å jobbe og ta i eit tak
- Likar å jobbe med mat og kundar
- Er nøyaktig
- Har masse energi og motivasjon
- Er pliktoppfyllande
- Er deg sjølv og kan ha det gøy - sjølv om du er på jobb
McDonald's er stolt over å ha inngått avtale med Helt Med om etablering av arbeidsplassar for personar med utviklingshemming.