Skip to main content

Servicevert

HELT MED lyser på vegne av Aukra kommune ut stilling som servicevert på kommunehuset. HELT MED-jobbar er for personar med utviklingshemming, autisme og lærevanskar som får uføretrygd.
  • Sted
    Aukra
  • Arbeidsgiver
    Aukra kommune
  • Stillingstittel
    Servicevert
  • Frist
    20. november 2024
  • Ansettelsesform
    Fast ansettelse

HELT MED-kode

13453

Om stillingen

 

Her  er døme på arbeidsoppgåver du kan få. Vi finn ut etter kvart kva arbeidsoppgåver som passar best for deg og kva oppgåver du skal jobba mest med. Du vil få god oppfølging og opplæring:

  • Ta imot gjester som kjem til kommunehuset
  • Holde møterom, kantine og fellesareal ryddige, og setje opp bord og stolar etter behov
  • Ordne med kaffi, hente mat til møte, steikje vaflar, rydde inn og ut av oppvaskmaskina mm
  • Fylle på papir, ordna avfall, gå med internpost og vanleg post
  • Andre oppgåver etter behov og ønske

Du vil jobbe på kommunehuset, men om ynskjeleg kan det være aktuelt å utvide stillinga med liknande oppgåver på Aukra kulturhus. Det er berre 100 meter mellom kommunehuset og kulturhuset.

HELT MED har samarbeidsavtale med NAV Molde om oppfølging av arbeidstakar og arbeidsgivar.

KVALIFIKASJONSKRAV

  • Du må vera motivert for jobben
  • Du må møta i tide
  • Du må vera god til å lytta
  • Du må vera flink til å halda orden
  • Du må kunna jobba sjølvstendig, men får hjelp ved behov

Det er ein fordel om du er sosial og positiv.

STILLINGSSTORLEIK

Det er ledig ca. 33 % stilling. Stillingsstorleik kan tilpassast noko etter søkar sitt ønske. Vanleg arbeidstida er frå kl. 10.00 til 14.00 tre dagar per veke. Det er ønskeleg å forskyve arbeidstida av og til, til dømes at du arbeidar frå 12.00-16.00 dei dagane det er kommunestyremøte.

 

LØN

I tillegg til trygda di får du lønn av arbeidsgivar tilsvarande 20 % av samanliknbar tariffløn (dette vil vanlegvis utgjera ca. 35 kroner pr time).

Den som er aktuell for jobben blir først tilboden ein praksisperiode på fire veker før endeleg tilsetjing. Du vil i praksisperioden få eit honorar frå HELT MED.


Dato for ordinær tilsetjing vil bli nærare avtalt.

OM ARBEIDSGIVAR

Aukra kommune har ca. 450 tilsette. Av desse arbeider ca. 30 på kommunehuset. Kommunen har
ca. 3700 innbyggarar fordelt mellom øya Gossen og fastlandet Julsundet. Kommunen ligg i naturskjønne omgivnader i havgapet, og kort avstand til byen Molde. Kulturlivet i regionen er variert, og det er moglegheit for variert friluftsliv. Aukra kommune har nye skolar, barnehagar, omsorgssenter og kulturhus med svømmebasseng, kafé og kino. Andre fritidstilbod som finst er treningssenter, motorsport klubb, kulturskuletilbod, idrettslag, naturstiar og moglegheit for jakt/fiske.

Aukra kommune er stolt over å ha inngått avtale med HELT MED og NAV om etablering av arbeidsplassar for personar med utviklingshemming, autisme og lærevanskar.

Kontaktinfo

Alle førespurnader blir retta til HELT MED

Marianne Kreutz (HELT MED)

tlf: 94197368

e-post: Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

 

Arbeidssted

Aukra kommune

Nyjordvegen 12

6480 AUKRA

Nettside